JONATAN
Jonatan Hurthi
Førstekandidat i Sogn og Fjordane
6 Kjappe
Kva er dei viktigaste sakene for KrF i denne valkampen?
KrF set familien først! Vi vil gi skattelette per barn, auke barnetrygda, firedoble eingongsstønad og la foreldra bestemme korleis dei vil fordele foreldrepermisjonen. Samstundes vil vi sikre alle eldre ein verdig alderdom, seie tydeleg nei til narkotika, og fjerne formuesskatten på arbeidande kapital for å styrkje lokalt eigarskap i bedrifter.
Kva tenker KrF om landbruk?
KrF meiner at landbruket er ein berebjelke i distrikts-Noreg og ein nøkkel for både mattryggleik, beredskap og levande bygder. Me vil at bønder skal kunne leva av arbeidet sitt – og at ungdom skal tørre å satse på gard og næringa. Difor vil KrF arbeide for å auke inntektene i jordbruket, meir lokal foredling av mat, gode rammevilkår, særlig for neste generasjon. Me ønskjer eit landbruk over heile landet – ja heile Sogn og Fjordane, då må me leggja til rette for at «grunnsteinen» med mjølk- og kjøt produksjon har det rette grunnlaget.
Samferdsla treng eit løft, men korleis?
KrF vil utbetre vegnettet i Sogn og Fjordane ved å prioritere trygge rasfrie vegar, både på riks- og fylkesnivå. Me vil ha fart på viktige rassikringsprosjekt, meir midlar til fylkesvegane som har stort vedlikehaldsetterslep, og oppgradering av tunnelar og bruer som er kritiske for framkome året rundt. Gode vegar er avgjerande for både tryggleik, næringsliv og busetjing i distrikta. Difor vil me løfte fram vegane våre i nasjonal samferdselspolitikk, og sikre at også mindre, men viktige, strekningar i fylket får prioritet.
Kva vil det seia å «byggje på verdiar – skape verdiar»?
Slagordet «Byggje på verdiar – skapa verdiar» betyr at Noreg skal vidareutviklast med utgangspunkt i den kristne kulturarven som landet er bygd på. Me meiner at desse verdiane gir eit godt fundament for både samfunnsliv og politiske avgjerder. Ved å halde fast på og formidle desse verdiane, ønskjer KrF å skape nye verdiar – som fellesskap, tryggleik, rettferd og livskvalitet – for både dagens og framtidige generasjonar.
Korleis ser KrF skulen ut?
KrF vil skape ein skule som legg vekt på kvalitet framfor mengd, og som gjev både elevar og lærarar betre vilkår. Me vil forkorte skuledagen til finsk nivå og bruke innsparte midlar til å auke lærarlønene med 50 000 kroner. Lærarane skal få redusert undervisningstid og mindre obligatorisk tilstadesplikt, slik at yrket vert meir attraktivt og familievennleg. For dei yngste elevane vil me ha meir frileik, fysisk aktivitet og bruk av trykte bøker framføre skjerm. Også vil me erstatte førsteklasse med ein førskule for seksåringar. Skulen skal ikkje berre utdanne – den skal danne.
Kva har ein 22.åring på Stortinget å gjer?
Eg har alltid meint at folkestyret vårt skal spegle folket. Som 22 år gamal elektrikar og odelsgut har eg eit heilt anna perspektiv og eit anna kontaktnettverk i samfunnet enn det til dømes Erna Solberg har. Difor meiner eg at eit folkestyre bør vere representert av folk i alle aldrar og livsfasar. Slik utfyller me kvarandre og finn dei beste løysingane for Noreg.